Meny

🏋️‍♀️ Medlemsreglar for Hardanger Trening

🔒 Tryggleiksreglar

Registrering og adgang

  • Registrer deg alltid i Membro-appen ved ankomst. Dette er naudsynt for at du skal vera forsikra under trening og i henhold til gjeldande brannforeskrifter

  • Det er ikkje lov å sleppa inn ikkje-medlemmer. Brot medfører bot på inntil kr 2 500.

  • Alle må forlate senteret innan stengjetid. Dersom alarm vert utløyst grunna forseinking, påløper eit gebyr på inntil kr 1 500.

Bruk av lokale og utstyr

  • Gruppesalar kan berre nyttast saman med instruktør eller PT frå Hardanger Trening.

  • Berre tilsette ved Hardanger Trening kan instruera eller trena andre.

  • Obligatorisk introduksjonstime gjeld ved innmelding. Les meir om oppstartstime her

  • Sal av eigne produkt eller tenester er ikkje tillate.

  • Du må kjenna til plassering av hjartestartar, førstehjelpsutstyr og nødutgangar.

  • Nødutgangar skal alltid vera frie for hinder.

  • Bagar og yttertøy skal oppbevarast i garderobeskap.

  • Verdisaker bør låsast inn. Skap som står låst ved stengetid kan opnast og tømmast av tilsette.

😊 Trivselsreglar

  • Bruk reint treningstøy og innesko. Utesko er ikkje tillate.

  • Berre barføtt i timar der instruktør tilrår det.

  • Tørk av utstyr etter bruk og rydd på plass.

  • Slepp vekter berre på tilrettelagde matter.

  • Bruk utstyr på rett måte – skade på utstyr kan føre til erstatningsansvar.

  • Ver høfleg og respektfull mot andre medlemmer og tilsette.

  • Filming eller fotografering av andre utan samtykke er forbode.

  • Reglane gjeld også når senteret er ubemanna.

👦 Medlemmer under 18 år

  • Born under 11 år har ikkje tilgang til treningssenteret, heller ikkje i følge med vaksen, med mindre det er eit arrangement i regi av Hardanger Trening.

  • Medlemmer mellom 11 og 15 år må trena saman med ansvarleg vaksen.

  • Frå året ein fyller 15 år, kan ein trena åleine etter opplæring med PT og samtykke frå føresette.

💼 Verdisaker og attgløymde eigedelar

  • Hardanger Trening er ikkje ansvarleg for bortkomne eigedelar.

  • Attgløymde ting blir oppbevart i inntil 14 dagar.

📜 Medlemsvilkår

Personleg medlemskap

  • Medlemskapet er personleg og kan ikkje lånast ut eller overførast.

  • Brot på dette kan føre til sperring av medlemskapet utan refusjon.

  • Du er sjølv ansvarleg for å vera helsesmessig skikka til trening.

Feriefrys

  • Etter 12 månader samanhengande medlemskap kan du frysa medlemskapet i inntil 1 månad per år.

  • Feriefrys kan ikkje nyttast i samband med oppseiing og gjeld berre aktive medlemskap.

Oppseiing

  • Oppseiing må skje skriftleg innan den 1. i månaden du ønskjer at siste trekk skal gjerast.

  • Har du bindingstid, gjeld oppseiing etter endt bindingstid

Sjukdom

  • Ved sjukdom med forventa varighet utover over 4 veker kan du få perioden til gode. Send e-post så snart situasjonen oppstår.

Uteståande avgift

  • Ubetalt medlemsavgift blir sendt til Remind ved første purring. Purregebyr kjem i tillegg.

Studentavtale

  • Studentpris gjeld i 12 månader. Etter dette går prisen over til ordinær sats.

  • For å vidareføra studentpris må du sende inn gyldig studentbevis før ny periode startar.

Prisendringar

  • Endringar i prisar blir varsla i app og på www.hardangertrening.no med 30 dagars varsel etter bindingstid.

  • Prisane blir årleg KPI-regulerte.

Angrerett

  • Du har angrerett i 14 dagar etter inngått avtale (jf. angrerettslova §26).

  • Startar du trening før fristen, må du betala for perioden fram til angrerett vert brukt.

🕐 Opningstider og gruppetrening

  • Opningstider kan variera ved høgtider, vedlikehald eller arrangement.

  • Gruppetimeplan og instruktørar kan endrast frå sesong til sesong.

  • Me kan ikkje garantera plass på alle ønskte timar.

🚫 Rus, doping og åtferd

  • Det er forbode å opphalda seg på senteret under påverknad av rusmiddel eller prestasjonsfremjande stoff.

  • Ved å underteikne medlemsavtalen samtykkjer du til mogleg uanmeldt dopingkontroll hos lege.

  • Misbruk av senteret, som rusbruk, hærverk eller uanstendig åtferd, kan føre til umiddelbar oppseiing.

  • Lokala er videoovervåka, og tryggleiksselskap utfører jamlege kontrollar.

🔔 Alarm og brann

Norheimsund: Senteret må forlatast innan kl. 23.00 kvar dag. Utløyst alarm medfører gebyr på kr 1 200.

Xpress Øystese: Opningstid følgjer KIWI sine tider. Utløyst alarm medfører gebyr på kr 1 500.

Ved brannalarm: Avslutt treninga straks og forlat lokalet gjennom næraste nødutgang.

💪 GOD TRENING!

Takk for at du hjelper til med å halda Hardanger Trening til ein trygg og hyggeleg stad for alle ❤️


Sist oppdatert: 17.10.2024

Vil du bli medlem ?

Her kan du enkelt bli medlem på Hardanger Trening

Bli medlem