Timar på Hardanger Trening.

Kvifor gruppetrening?
Gruppetrening er både morosamt, sosialt og effektivt. Hardanger Trening ynskjer å tilby gruppetrening der trenings-gleda står høgt i kurs!
Med ein instruktør som rettleiar og motiverar deg gjennom treninga sikrar du at du trenar riktig, og at du får eit godt utbytte av økta.

Me nyttar den hottaste musikken og held oss oppdatert på nytt innan forskning for å gi deg dei beste treningsopplevingane og sjølvsagt sikre at du får resultat av treninga.

Ny på gruppetrening?
Har du ikkje delteke på våre timar tidlegare er det lurt å prøve seg litt fram. Det tek gjerne litt tid før ein kjem inn i rytmen og finn den timen som høver deg best.
Dei fleste SYKKEL timane er høvelege å starte med. I tillegg til TONE (Stram Opp), BOSU, BODYBALANCE-NEW YOGA, STYRKEsirkel, TABATA OG UTEtrening.

Veldig mange som byrjar på treningssenteret har behov for styrketrening, derfor finn du mange ulike timetypar der vi har fokus på akkurat dette. StyrkeSirkel, BODYBALANCE og TONE (Stram OPP) er dei timane som kanskje høver best når ein skal byrje med styrketrening i gruppe. Men uansett kva gruppetime ein byrjar på, så vil sjølvsagt instruktøren hjelpe deg igang.

5 gode grunnar for gruppetrening

  1. Uendeleg med variasjon – du kan trene forskjellige ting, du kan velge styrke, intervall, sykkel, YOGA m.m
  2. Kameraderi – alle jobber saman og deler energi. Du er sakna om du uteblir frå timen du pleier gå på.
  3. Ekspert veiledning – gruppetimeinstruktøren gir grundig veiledning i øvinga du skal gjere og hjelper deg også med alternative øvingar om du treng det.
  4. Generelt betre form – fordi det er så mykje variasjon, kjekke timar og instruktørar, så vil du truleg trene oftare og då vil du sjølvsagt få resultat.
  5. Støtte – om du tykkjer deler av timen er utfordrande, så vil instruktøren og dei andre deltakarane støtte, oppmundre og hjelpe deg

Du treng ikkje vera noko treningsekspert for å trene i gruppe, det einaste du må gjere er å stille til timen.