Hardanger Trening har inngått ein avtale om reint senter med Antidoping Norge fordi me ønskje eit reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter.

Me tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre medlemmer.

 

Som medlem av  Hardanger Trening ber me alle våre medlemmer om å ta avstand frå bruk av dopingmidlar. Konsekvensane ved bruk av dopingmidlar er eit vesentleg mislighald av medlemsavtalen, noko som gjev Hardanger Trening rett til å heva avtalen med øyeblikkeleg verknad.

Alle medlemmer må i sin avtale om medlemskap ved Hardanger Trening forplikta seg til ikkje å bruke dopingmidlar som framkjem på særskilt dopingliste for treningssentre.

Lista finn ein til ei kvar tid på www.rentsenter.no

Hardanger Trening har inngått avtale med Antidoping Norge om gjennomføring av dopingkontroll. Om senteret registrerar teikn og symptom på bruk av dopingmidlar vil medlemmet bli kalla inn til ein samtale. I samtalen vil medlem bli beden om å gje ein dopingprøve medan vedkommande framleis er på treningssenteret, dersom det framleis føreligg teikn til mogleg dopingbruk.

Med ikraftsettelse fra 1.juli 2013 er all bruk av dopingmidler kriminalisert etter Legemiddelloven, § 24 a. Bruk av dopingmidler på Treningssenter kan bli politianmeldt.