StepStyrke.
- Kondisjon- og styrketime m/step, strikk og vekter
- Enkle trinnkombinasjonar og styrkeøvingar
- Høver for alle som likar litt koordinasjon og for dei som har trent litt før
55
Minutt
Dette er ein kombinasjonstime som gjev deg ein «alt i ein» – pakke!
Kvar arbeidsperiode varar ein plass mellom 4 – 6 minutt. Me vekslar mellom enkel kondisjonstrening på step og styrketrening med vektplater, strikk og kroppen som eigenvekt.
Ein svært effektiv og morosam time der treningsglede og entusiasme står i høgsetet. Med fengjande musikk og enkle trinn og øvingar, blir dette ein time som høve både for den som verkeleg vil arbeide hardt og den som vil ta det litt rolegare.
Velkomen til Step Styrke!
Evy