BODYPUMP.
- Styrke og kondisjonstrening med vekter
- Uthaldande styrketrening til tøff musikk
- Høver alle, me anbefaler smartstart, bli med i 30 min og auka etterkvart som du vert sterkare.
60
Minutt
I BODYPUMP trenar me med stang og vekter til musikk. Du vil oppleva auka muskelstyrke i alle kroppsdeler. Dessutan oppnår du eit sterkare skjelett og ei betre allmenn helse. For ikkje å snakke om alle kaloriane du forbrenn… BODYPUMP er ikkje kun for kjempesterke vektløftarar – det passar for alle! Du tilpassar ganske enkelt vektene etter din styrke, og aukar på etterkvart som du merkar at senar og musklar er klare for meir.
Kva gjer BODYPUMP for meg?
Ei treningsøkt i BODYPUMP går gjennom alle muskelgruppene i kroppen og trenar kvar enkelt gruppe for seg. Me fokusera etter tur på bein, rygg, bryst, armar, skuldar og mage. Nokon øvingar går direkte på enkeltmusklar, andre kombinera fleire grupper samstundes. Me anbefaler minst ei dags kvile mellom øktene. 2-3 økter per veke gjev optimal effekt.
Knallgod trening som høver for alle!
Evy og Hildegunn