Fy søren – for ei jubileumsveke me hadde…!!!

Med gratis frukost kvar morgon, Skyr frå Rema 1000, protein/kostfiber lappar, maratonsykkel, foredrag med Berit Nordstrand, smaksprøvar på kjøleskapsgraut frå Sunkost Norheimsund, salbonanza, kake, fotokonkurranse, besøk av sjølvaste ordføraren, to ulike facebook-konkurransar, målgang på motivasjonskampanjen, jubileumsfilm, gode tilbod til medlemmene og «drop-inn» ved filmmakaren Magnus Hisdal – ja, då kan me jammen sei me har hatt mykje spanande på agendaen. Og garantert noko for einkvar smak, vil me tru! Ein blir jo heilt andpusten av berre oppramsinga av ymse aktivitetar desse 4 dagane det har stått på.

Av 110 deltakarar på MOTIVASJONSKAMPANJEN vår, så klarte 54 å sanke 100 poeng innan 21. april!
Gratulera til alle som deltok. Alle får ei drikkeflaske frå HT for deltaking. Hugs at den gjevaste gevinsten haustar me alle som ein, nemlig; Betre form, betre helse og ein betre kvardag!

Ordføraren trakk ut desse 5 vinnarane av ein HT paraply:
Anny Norheim, Kristina Åkre, Ingeborg Åsvang, Lene Veronika Huun og Veronica Øystese.

Den som stakk av med gåvekortet på kr 1000,- frå MX Sport Norheimsund/Øystese er; Anita Lie Vikør.

På Facebook har me hatt to lik&del (om du vil) kampanjar. Karen Elisabet Mo sikra seg 2 billettar til Berit Nordstrand foredraget. Katrine Kvåle Rykkje vann 6 mnd medlemsskap på Hardanger Trening.

Tusen takk til alle samarbeidspartnarar, tilsette/instruktørar og ikkje minst medlemmer for at de har feira saman med oss.
Det sèt me stor pris på!

Me gledar oss stort til å ta fatt på dei neste 10 åra saman med dykk!
Det vonar me DU gjer òg <3

God trening!