https://hardangertrening.ibooking.no/?page=atg_confirm

Endeleg er våren her og med den byrjar utetreninga på Hardanger Trening!

Oppmøte ved inngang til Hardanger Trening i Norheimsund. Timen inneheld oppvarming, løpeteknikk, kondisjon- og styrketrening, uttøying. Du treng gode løpesko og kanskje du vil ha med deg ei drikkeflaske.

I år vert det spesielt fokus på løpetrening. Maria er instruktør og vil gi deg innføring i god løpeteknikk, samt styrketrening for å betre løpeteknikken din. Om du vil kan du trene til og verta med oss på ein eller fleire løp denne sesongen. Maria vil legge opp treninga for deg om du vil delta på sommarnatt løpet 30 juni i Bergen og/eller Rosa sløyfe løpet 4 oktober i Bergen.

Maria fortel at ho har fått litt «dilla» med å delta på ulike løp. Det er kjekt, sosialt, godt samhold og spenning i det å kjenne på konkuranse «feelingen».

Det viktigaste er uansett å konkurrere med seg sjølv, seier Maria. Denne timen høver for alle! Du kan velje om du vil gå eller løpe. Maria fortel at ho gler seg til å få sjansen til å inspirera fleire til å vera med på utetrening.

Kva gir denne formen for trening deg? Du får betre fettforbrenning, betre mental helse, endorfinar og godt humør, strammar opp lår og setemusklatur.

Bli med oss på utetrening;

Betre form, betre helse og betre kvardag!