Endeleg er våren her og med den byrjar utetreninga på Hardanger Trening!

Oppmøte ved inngang til Hardanger Trening i Norheimsund. Timen inneheld oppvarming, løpeteknikk, kondisjon- og styrketrening, uttøying. Du treng gode løpesko og kanskje du vil ha med deg ei drikkeflaske.

I år vert det spesielt fokus på løpetrening. Maria er instruktør og vil gi deg innføring i god løpeteknikk, samt styrketrening for å betre løpeteknikken din. Om du vil kan du trene til og verta med oss på ein eller fleire løp denne sesongen. Maria vil legge opp treninga for deg om du vil delta på sommarnatt løpet 30 juni i Bergen og/eller Rosa sløyfe løpet 4 oktober i Bergen.

Maria fortel at ho har fått litt «dilla» med å delta på ulike løp. Det er kjekt, sosialt, godt samhold og spenning i det å kjenne på konkuranse «feelingen».

Det viktigaste er uansett å konkurrere med seg sjølv, seier Maria. Denne timen høver for alle! Du kan velje om du vil gå eller løpe. Maria fortel at ho gler seg til å få sjansen til å inspirera fleire til å vera med på utetrening.

Kva gir denne formen for trening deg? Du får betre fettforbrenning, betre mental helse, endorfinar og godt humør, strammar opp lår og setemusklatur.

Bli med oss på utetrening;

Betre form, betre helse og betre kvardag!

 

 

 

Treningstrendane endrar seg frå år til år. Trykk på linken og sjå kva som er årets trendar 2018.

Les mer

Fy søren – for ei jubileumsveke me hadde…!!!

Med gratis frukost kvar morgon, Skyr frå Rema 1000, protein/kostfiber lappar, maratonsykkel, foredrag med Berit Nordstrand, smaksprøvar på kjøleskapsgraut frå Sunkost Norheimsund, salbonanza, kake, fotokonkurranse, besøk av sjølvaste ordføraren, to ulike facebook-konkurransar, målgang på motivasjonskampanjen, jubileumsfilm, gode tilbod til medlemmene og «drop-inn» ved filmmakaren Magnus Hisdal – ja, då kan me jammen sei me har hatt mykje spanande på agendaen. Og garantert noko for einkvar smak, vil me tru! Ein blir jo heilt andpusten av berre oppramsinga av ymse aktivitetar desse 4 dagane det har stått på.

Les mer

Hardanger Trening har avtale med fleire samarbeidspartnarar, som gjev deg som medlem på treningssenteret gode medlemsfordeler.

For alle avtalar må du: Syna treningskortet ditt når du handlar!

Er du medlem på treningssenteret får du rabatt hjå følgjande samarbeidspartar:

Les mer

Reglar og retningliner for bruk av NØKKELKORT på avd i Øystese og Norheimsund

Nøkkelkort – gir deg som er medlem adgang til senteret også i ubemanna periodar. Er du medlem og har nøkkelkort, kan du trene mellom 06:00 og 23:00 ALLE dagar i året på avdelinga vår i Norheimsund, På avdelinga i Øystese er det samme opningstider som Hardanger Senteret.

Les mer

Hardanger Trening har inngått ein avtale om reint senter med Antidoping Norge fordi me ønskje eit reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter.

Me tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre medlemmer.

Les mer

Signer for avtalegiro her:

Les mer

Kva er trygg oppstart?

Velkomst samtale, spesielt for deg som er heilt ny på Hardanger Trening

Les mer