Reglar og retningliner for bruk av NØKKELKORT på avd i Øystese og Norheimsund

Nøkkelkort – gir deg som er medlem adgang til senteret også i ubemanna periodar. Er du medlem og har nøkkelkort, kan du trene mellom 06:00 og 23:00 ALLE dagar i året på avdelinga vår i Norheimsund, På avdelinga i Øystese er det samme opningstider som Hardanger Senteret.

 

Nøkkelkortet skal alltid nyttast på kortlesar innan du går inn på senteret.  Dvs at ein må trekkje kortet sitt sjølv om eit anna medlem nyttar sitt kort til å åpne døra.. Av sikkerhetsmessige årsaker skal det til einkvar tid vera registrert kven som befinn seg i lokalet!

Har du mista kortet, må du kjøpe nytt til kr 100,-

Kortet er personlig og kan aldri lånast vekk til andre. Hvis dette skjer vil eigar av kortet få kortet inndratt og sperra utan nokon form for refusjon av treningsavgifta. Det vert kontrollert at videobilde og adangskort stemmer overeins.

Det er IKKJE tillatt å sleppe inn nokon som ikkje er medlem ved senteret. Hvis dette skjer vil du få et gebyr på kr 1000,-

Ynskjer du som medlem å ha med eit ikkje-medlem på prøvetime, skal dette avklarast på forhånd med ein ansatt på senteret.

Aldersgrense 15 år. Barn må ikkje takast med inn i treningssenteret. (Unntak, familiemedlemskap med born 12 – 14 år, kan trene i fitnessrommet saman med forelder)

Ordinære trivselsreglar gjeld også i ubemanna periodar.

Senteret skal kun brukast til trening. Uhensiktsmessig bruk av senteret vil ikkje verta akseptert og kan føre til umiddelbar oppsigelse av medlemskapet! Slike forhold kan for eksempel væra bruk av narkotiske midler, alkohol, særs uanstendig oppførsel, hærverk og brudd på øvrige regler. Området vil til ein kvar tid være overvåka og sikkerhetsselskap og ansatte vil foreta jevnlige kontroll rundar på senteret!

Utesko SKAL settjast i skohyllene i gangen. Det er ikkje tillatt å gå inn i senteret eller i garderoben med utesko. Hvis dette blir gjort gis det 1. gong ein advarsel, deretter blir adgangskortet sperra i to veker uten refusjon i treningsavgifta.

Du skal alltid settje på plass manualer og henge opp vektskiver etter deg når du trener.

Hygiene: Tren alltid med reine treningskle. Bruk handkle når du trener og tørk svette av maskinene etter deg slik at neste mann slepp å trene i din svette. Bruk T-SKJORTE med ARM i styrkerommet. Det er ikkje tillatt å trene i bar overkropp. Hjelp oss å halde eit hygienisk og reint treningsmiljø!

Som medlem er du også informert om, og har akseptert, at senteret er video-overvåka og at adgangskontrollar vert gjort uanmeldte.

Doping: Som medlem er du også informert om, og har akseptert, at det er strengt forbudt å nytte prestasjonsfremjande midlar i samband med trening på senteret. Ved å underteikne desse reglane samtykkjer du også til å delta i uanmeldt dopingkontroll. Evt dopingtest skal gjennomførast hos lege.

Trening Hardanger Trening AS skjer på eige ansvar. Du har sjølv ansvar for dei tinga du tar med på senteret..

Alarm: Senteret i NHS må forlatast seinast kl 23.00. Dette gjeld alle dager heile året. I Øystese gjeld same opningstider som Hardangersenteret.

Ved brann; avslutt treninga umiddelbart og forlat lokalet gjennom næraste nødutgang.

Tillit, respekt for kvarandre og for senteret, gjer at vi kan oppretthalde dette tilbodet der du kan trene når det høver deg best: